16. august 2026

Godt flygever frå Helsetkopen

Trygt nede på flata etter nok ei luftferd frå Helsetkopen, frå venstre Rebecka, Tommy og Linn.

Veret var litt ruskete med både regn og vind den andre veka i juli så fjellflygarane måtte vente med å gjere sine hopp frå Helsetkopen. Men så kom go`veret tilbake.

Vi har det stolte fjellet, Helsetkopen midt i mot, ei traust kulisse møter utsynet. Her ser vi ørna segle, men også fjellflygarar som kastar seg ut frå toppen på fine sommardagar og landar på flata ved Helsetvatnet.
Slik vart det også andre veka i juli etter nokre dagar med dårleg ver. Då regn og vind gav seg kom «tøffe» kvinner og menn tilbake på toppen i vingedrakter til nye flygeturar.

Gåturen til toppen av Helsetkopen er lang og i motbakke, men dei spreke gjer den unna på to til to og ein halv time.
Fredag møtte vi tre som hadde landa etter ei luftig ferd ned for andre dag på rad. Det var Rebecka, Tommy og Linn, alle tilreisande. Luftferda hadde gått strålande, berre litt varmt på turen opp gjennom lia til toppen, fortalde dei. Det var stålande sol denne dagen.
-De er heldige som bur på ein så fin plass, var kommentarane vi fekk frå dei tre. Vi var vel samde med dei om det sjølv om vi er vande med og litt lei av dei høge fjella.

Om dei skulle gjer fleire hopp frå Helsetkopen var usikkert. Tommy har fem hopp der i frå så no vart det kanskje ein annan stad neste gong.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →