20. juli 2026

Kim Wigaard imponerte stort

Kim Wigaard imponerte stort i kyrkja i Sunnylven fredag kveld.

Stjernekampvinnar Kim Wigaard imponerte stort i ei nær fullsett Sunnylven kyrkje fredag kveld. Det vart ei fantastisk oppleving som start på dei 38. Hellesyltdagane.

Nær 200 møtte fram i Sunnylven kyrkje fredag kveld for å høyre Kim Wigaard og musikarar innleie årets sommardagar på Hellesylt. Det vart ein eventyrleg time i den høgreiste trekyrkja frå 1859.

Wigaard er frå Oslo og har si utdanning innan musikal -og opera både frå inn og utland. Mange vart kjent med han gjennom TV-program med demenskoret, der han delte sine opplevingar av både opp og nedturar med sine «korvenner».

Til Sunnylven kyrkje kom han fredag kveld, som fyrste artist under Hellesyltdagane saman med to musikarar, på tangentar og strengeinstrument.
Konserten vart ei flott innleiing av årets dagar, der Wigaard fyrst opna med fleire songar han hadde laga sjølv. Og det klang godt i trekyrkja der han med kraftfull røyst tona ut så vakkert til stor applaus frå publikum.
Seinare i den timelange konserten vart det både kjente og mindre kjente låtar, vakkert akkompagnement av sine musikarar. Ein stor kveld i Sunnylven kyrkje for dei mange frammøtte.

Til slutt vart det mykje ros og takk frå konfransier Geir Frøysa. Og som eit minne frå konserten i Sunnylven fekk Wigaard overrekt eit bearbeida saueskinn, som vanleg flott laga av gardeigarar på Ljøen. Det sette artisten stor pris på. Dei andre i konserten, musikarar og lydmann fekk fleire andelodd kvar til «Det store andesleppet» i Hellesyltfossen søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →