16. august 2026

Mange kom på olsokkonsert

Aktørar under olsokkonserten, frå venstre Askjell Molvær, Anne Berit Skrivervik, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole.

I Lensmannsstova på Lillebø var det olsokkonsert 28. juli. Mange kom og fekk ei ny, flott konsertoppleving.

Det har blitt tradisjon med konsert i Lensmannsstova på Hjellhaugen og Lillebø i Sunnylven. Også i år vart det konsert og heile to framsyningar med dei fire, Anne Berit Skrivervik, Gunhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole og Askjell Molvær. Mange kom og hellesylt.info var mellom dei på fyrste framsyning.

Folkemusikken klang godt i tømmerveggane i gamlestova på Hjellhaugen onsdag. Der var det musikalsk treff med song og flotte tonar frå trøorgelet og to hardingfele som fekk god respons frå publikum.
Og repertoaret var variert, det var bruremarsj frå Olden, ein reinlender frå Hornindal og mykje, mykje meir av felejentene Gunnhild og Synnøve og Askjell på trøorgelet.
Og like mykje imponerte og svinga det frå Anne Berit når ho gav toneprakt med si songrøyst. Då var det berre å ta mot stormande applaus frå rundt tretti som hadde sessa seg i storstova.

Og dei mange frammøtte fekk mykje å applaudere denne kvelden. Songane handla om mangt, mellom anna ei  gamal kyrkje som skulle rivast ned. Det vart den til slutt, ein song av Landstad som Anne Berit Skrivervik framførte.
Forsamlinga i Lensmannsstova fekk også muntre tonar å klappe for i ein song av Edvart Grieg, før det vart brudemarsj av Jens Synnes i det svært så varierte programmet.
Publikum fekk også høyre ein opera-arie av ein engelsk komponist, før Anne Berit Skrivervik avslutta konserten med «Våren » av Grieg.

Konserten i Lensmannsstova vart på nytt ein ny, flott og vellukka kveld på Lillebø der publikum kunne kjøpe seg både kaffi, sveler og meir.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →