Desse blir å høyre under olsokkonsert i Lensmannsstova onsdag 29. juli. Frå venstre Gunnhild Sindre, Askjell Molvær, Anne Berit Skrivervik og Synnøve Hjellbakk Hole.
Snart er det olsok og med det konsert i Lensmannsstova på Lillebø. I år kjem dei fire igjen, Gunnhild, Anne Berit, Askjell og Synnøve.
Til årets olsok-konsert i Lensmannsstova på Lillebø kjem på nytt gode song -og musikkrefter som alle har vore å høyre under denne konsertkvelden tidlegare. Vi møter Anne Berit Skrivervik med si imponerande songrøyst, kjem gjer også journalist Gunnhild Sindre, men også mykje kjent for si musikalske utfalding på hardingfela, og vi får høyre Askjell Molvær leike seg på tangentane på det gamle trøorgelet i storstova. Og sjølvsagt får vi høyre vertinna sjølv, Synnøve Hjellbakk Hole på hardingfela.
Denne kvelden blir det eit firkløver av gode song -og musikkrefter i eit repertoar som vi ikkje kjenner. At det blir ein flott olsok-konsert er vi i alle høve sikre på.
Det blir to konserten onsdag 29. juli, ein klokka 17.00 og den andre klokka 20.00. Billettar blir selde i døra, pris pr. person kr. 250.-. Det blir høve til å kjøpe svele og kaffi før og etter konsertane.
-Ein sommarkveld med nasjonalromantisk musikk-.
