Stemninga var stor i festivalteltet på Hellesylt der 200 fekk oppleve at Norge slo Brasil 2-1.
I festivalteltet ved Hægstad Gård fekk rundt 200 frammøtte ein kveld dei seint vil gløyme. Søndag kveld slo Norge sensasjonelt Brasil ut av VM med siger 2-1.
Tekst/foto: Tilsendt
Gode Hellesyltdagane vart forlenga med fleire store opplevingar søndag kveld. I festivalteltet ved Hægstad Gård vart kampen mellom Norge og Brasil vist på storskjerm og der Norge vann 2-1. Dermed var det klart at Norge litt sensasjonelt hadde gått vidare i VM.
Arrangøren av Hellesyltdagane hadde på på kort varsel ordna alt av lisensar og løyve, bygd lerret, fått på plass lyd og lys, og alt låg til rette for ein skikkeleg fotballkamp i festivaltetet søndag kveld. Fotballkampen mellom Norge og Brasil blei ein ekte bonus både for publikum og arrangøren.
Det var rigga plass til totalt 280 besøkande og det kom litt over 200 ved kampstart. Stemninga vart tidleg god blant dei frammøtte, og den auka mykje mot slutten av VM-oppgjøret. Det var allsong til nasjonalsongen, norske flagg, heiing og kamprop gjennom den vel 100 minutt lange kampen.
Når det til slutt var klart at Norge sensasjonelt hadde klart det utenkelege, å slå Brasil 2-1 var stemninga euforisk. Det var nesten ikkje til å fatte, men like fullt sant.
Her er det klart. Norge er vidare i VM i fotball
Utanom Marcus Holmgren Pedersen som vart erstatta av Julian Ryerson stilte Norge same lag som mot Elfenbenkysten.
I andre omgang kom Andeas Schelderup og Oskar Bobb inn i staden for Antonio Nusa og Alexander Sørloth, og seinare kom Fredrik Austnes og Leo Østigard inn for Julian Ryerson og David Møller Wolfe.
Etter den siste kvilen med drikkepause tok kampen av. Og det var innbyttar Schelderup som serverte ei lekker pasning frå venstrekanten som Haaland stanga i mål. Utruleg og nesten sjokkerande for norske fotballfans, men til stor skuffelse for dei mange gulkledde på tribuna.
Og skuffelsen skulle halde fram for det stolte fotballfolket frå sør-Amerika då Håland på nytt fekk ballen frå Schelderup og donka den kontant i mål til 2-0.
At Brasil fekk straffe som fastsette resultatet til 2-1 for Norge langt på overtid var billig og nesten ei gåve frå dommaren?
Norge møter England i neste kamp laurdag 11. juli.
