20. juli 2026

Norge – England på storskjerm på Hellesylt

Det blir ny, stor fotballkveld på Hellesylt når Norge og England brakar i hop om plass til kvartfinale i VM laurdag  kveld på Sunnylven samfunnshus.

-Laurdag 11. juli inviterer Sunnylven IL og Sunnylven samfunnshus til kampkveld i gymsalen på samfunnshuset når *Noreg møter England* på storskjerm. Denne gongen blir det eit familiearrangement utan sal av alkohol, så her er det berre å ta med born, foreldre, besteforeldre, vener og feriegjestar og bli med på fotballfest saman med bygda!

Vi riggar med lerret, ekstra god lyd, langbord og enkel kiosk med sal av brus, popcorn, pølse med brød med meir. Finn fram flagget og bli med på stemninga-!

Det skriv arrangøren om kamparrangementet som blir vist på storskjerm i gymsalen på Sunnylven samfunnshus. Dørene opnar kl. 22.00.

Arrangøren ønskjer velkomen til ein kjekk fotballkveld for heile familien!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →