Også i fjor heldt desse fire konsert i Lensmannsstova, frå venstre Askjell Molvær, Anne Berit Skrivervik, Synnøve Hjellbakk Hole, Gunnhild Sindre.
I kveld, onsdag 29. juli er det konsert i Lensmannsstova på Lillebø. Dit kjem dei fire, Gunnhild, Anne Berit, Askjell og Synnøve.
I kveld er det olsok-konsert i Lensmannsstova på Lilleø der vi på nytt får møte Anne Berit Skrivervik med si imponerande songrøyst, vi får høyre journalist Gunnhild Sindre på hardingfele i lag med vertinna Synnøve Hjellbakk Hole, og vi får høyre Askjell Molvær leike seg på tangentane på det gamle trøorgelet i storstova.
Kva song og musikk publikum får høyre denne gongen kjenner vi ikkje til, men vi trur «firkløveret» har eit timelangt repertoar som avgjort er å få med seg også onsdag kveld. At det blir ein flott olsok-konsert er vi sikre på.
Det blir to konserten onsdag 29. juli, ein klokka 17.00 og den andre klokka 20.00. Billettar blir selde i døra, pris pr. person kr. 250.-. Det blir høve til å kjøpe svele og kaffi før og etter konsertane.
-Ein sommarkveld med nasjonalromantisk musikk-.
