Denne onsdagen var damene ni, neste gong håper dei at fleire kjem.
Onsdag kveld møtte vi ni spreke damer på badestranda på Hellesylt. Denne kvelden og kvar veke framover er det lavterskeltrening, og no er håpet at fleire kjem etter kvart.
Vi nærma oss svært forsiktig denne gjengen med spreke damer på badestranda onsdag kveld. Vi var ute på reportasjetur og var som einaste mannfolk vi kunne sjå.
Men mottakinga vi fekk var berre hyggeleg, og etter kvart fekk vi ein liten prat med «instruktørdama» Hege Ringdal. Ho står bak tiltaket ho kalla Bootcamp, eller som ho forklara, ei lavterskeltrening med enkle øvingar.
Hege starta trimmen på badestranda torsdag før Hellesyltdagane, og no vil ho halde fram så lenge der er interesse for trimmen sølv om ho skal flytte til Ålesund og jobb til hausten, sa ho.
Ho håpar mange fleire kjem etter kvart. Øvelsane er ikkje avanserte, det går på tradisjonelle ting med styrke for bein, rygg og armar, og så litt uttøying til slutt. Alt gjer godt for kroppen og god helse.
Hege håpar at fleire har lyst å vere med på enkle trimøvingar og at fleire kjem neste gong, -det er alltid hyggeleg å kome i lag ein time ein kveld i veka så vi håper mange har lyst og kjem, sa ho.
Her blir nye øvingar førebudd.
