16. august 2026

Populært for fjellflygarar

Tom Erik Heimen t.v. og Cato Nordbakk har gjort mange hopp frå Helsetkopen. Her etter ein konkurranse i 2019.

Helsetkopen i Sunnylvsbygda er eit mykje nytta fjell for fjellflygarar med vingedrakter. Torsdag 9. juli sette fem  utfor og landa trykt.

For knapt ei veke sidan var det World Base Race i Loen i Stryn. Planen var at finalen i meisterskapen skulle arrangerast frå Helsetkopen, men veret, spesielt vindforholda førte til at også finalehoppinga vart frå fjellet Hoven i Loen.

Helsetkopen, det 1246 meter høge fjellet blir likevel brukt av mange fjellflygarar gjennom sommaren. Torsdag 9. juli var på nytt fem hopparar på toppen og sette utfor i sine fleirfarga vingedrakter. Alle kom trygt ned på flata ved Helsetvatnet etter den luftige flygeturen.
Truleg blir det fleire hopp frå det stupbratte fjellet av basehopparar både frå inn -og utland

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →