Det vart ein interessant time av desse tre, frå venstre Askjell Molvær, Borgny Molvær og Asbjørn Tryggestad.
Borgny Molvær var nesten «koma heim» då ho vart interjuva på Kulturbedehuset under siste dag av Sommardagane på Hellesylt.
Under arrangement på Kulturbedehuset blir det prata med spesielle personar, og i år var det Borgny Molvær som sat i intervjustolen saman med Asbjørn Tryggestad. Ei kvikk og pratande dame, fødd og oppvaksa i Oaldsbygda for 97 år sidan.
I den timelange praten fekk publikum høyre mange fine historier om livet i fjordbygda, 13 kilometer frå Hellesylt.
Då Borgny Molvær vaks opp budde det kring 50 personar i Oaldsbygda. Dit kjem ein med båt til kai i dag, men slik var det ikkje i dei fyrste åra Borgny minnest. Då var det å ro ut til fjordabåten for å få i land varer, som i ander av dei busette fjordbygdene. Men så kom kaia i 1932 og det vart ei stor nyvinning, tykte ho.
Kaia kosta 4.532.- kroner etter at arbeidet vart gjort på dugnad av bygdefolket.
Seinare kom det telefon til bygda med linje over til Eidsdal. Stolpane vog til saman fleire tonn, eit tungt arbeid som for det meste vart utført om vinteren på snøføre. Dei måtte dragast frå sjøen og opp i 600 meter, det høgaste punktet på telefonlinja.
Også telefontråden var eit slit å få på plass, sa Borgny Molvær i praten med Asbjørn Tryggestad.
For 90 på sidan tok Borgny til på skule. Den tida varte skuledagane i 14 dagar, og så var det 14 dagar fri. Ho lærte fort for Borgny kunne mykje før ho kom dit. Det skuldast at ho hadde sett bokstavar på diverse varer og spurt og lært seg kva bokstavane heitte.
Borgny hadde fire ynge sysken og i lag las dei i kjekke julehefter som Smørbukk og Vangsgutane, fortalde ho.
Ungdomstida var slitsam for ei lita jente, ho gjekk på sætra og mjølka kyr frå då ho var rundt ti år gamal og fortalde folket i det fullsette Kulturbedehuset om både bearbeiding av mjølka og ande gjeremål ho gjorde i lag med foreldra Anders og Inga.
På garden hadde dei mange dyr, fem kyr, kviger og kalvar, der var 10 – 12 sauer og 25 geiter. Ein stor buskap som skulle ha sitt vinterfor.
Borgny Molvær og Asbrjørn Tryggestad i samtale om liv og virke i Oaldsbygda i gamle dagar.
I samtalen med Asbjørn Tryggestad var Borgny Molvær innom mange gjeremål på heimegarden i Oaldsbygda, som tillaging av skor og klede, det meste klipt og sydd i heimen.
Ho fortalde om ting dei dyrka på garden i fjordbygda, om salting og tørking av kjøt, og om hermetisering av kjøtet i boksar. Det kunne bli både 40 og 50 av dei før alt var bearbeidd og lagra.
Det vart ein interessant time i Kulturbedehuset med Borgny Molvær. God intervjuar var Asbjørn Tryggestad som fretta ut den friske og kvikke 97 -åringen, og som dei 90 personane i den store forsamlinga sette pris på å høyre.
Askjell Molvær bidrog med musikk under kulturtimen i bedehuset.
Intervjuet vart også krydra med litt musikk på tangentar av Askjell Molvær. Han spela fire melodiar skapt av musikarar frå nære områder, mellom anna avslutta han med ein Kjellstadslått.
Det vart ein flott time i Kulturbedehuset for alle søndag 5. juli.