7. september 2026

Aktiv 4H-helg

Siste helga i august var både aktiv og innhaldsrik for Fjellrosa 4H i Sunnylven. Laurdag var medlemane engasjert på badestranda, og søndag kom fleire på kajakk-tur på Bygdaelva.

På badestranda hadde Fjellrosa 4H sin «base» frå laurdag til søndag siste helg i august. Der engasjerte medlemane seg i mange aktivitetar, ein flokk som tel rundt tjuge trur vi.

Ikkje minst søndag vart ein spesielt triveleg dag for fleire av dei, også for klubbrådgjevar Silje Stadheim.
Då kom Helge Karbø med fire kajakkar som 4H-medlemane skulle få prøve brukt i Bygdaelva. Dei skulle padle frå Frøysa bru og heilt til Øie bru, ei strekning på mellom tre og fire kilometer.

Vi møtte flokken ved Myrebrua, seks 4H-arar, klubbrådgjevaren og instruktør Karbø.
Og lat det ikkje vere tvil, for etter jubel og stemning ombord i kajakkane så hadde dei det utruleg moro på ei roleg og passeleg vassrik Bygdaelv. Og om det var til ære for fotografen på land veit vi ikkje, men fleire av dei tok ein liten dukkert og hoppa frå kajakken og i vatnet. Det gjekk fint, for alle var kledde i våtdrakt og redningsvest.

Slik fekk dei more seg heile den lange strekninga etter Bygdaelva, saman med auren. Dei hadde det i alle høve utrule spanande og kjekt såg det ut som i fint ver, ikkje vind og ikkje nedbør.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →