Her ligg Mein Schiff 1 ved cruisekaia på Hellesylt søndag 2. august.
Tre cruiseskip er innom Hellesylt cruisekai i veke 32, frå måndag til onsdag.
Måndag 3. august var cruiseskipet Costa Diadema innom cruisekaia på Hellesylt. Det 306 meter lange skipet heldt fram til Geiranger etter å ha sett passasjerar i land for busstur til Geiranger.
Dagen etter, tysdag 4. august er det MSC Euribia, eit skip på 331 meters lengde som legg til ved cruisekaia på Hellesylt. Også då er det for å setje passasjerar i land for busstur om Stryn og Grotli til Geiranger.
Og onsdag kjem Iona, eitt av dei største skipa med ei lengde på 345 meter og med over 6000 passasjerar ombord. Skipet blir liggande ved kai på Hellesylt heilt fram til 16.30 før det går vidare.
Til Geiranger kjem enno fleire cruisebåtar denne veka. Både AIDAprima og Seven Seas Grandeur er innom sjøhamna i turistbygda søndag 9. august.
