7. september 2026

Dugnadshelg på Ytste Skotet

Mykje arbeid, men no er graset på bøane på Ytste Skotet slått for i år. 

Helga 14. til 16. august vart det utført både slåttedugnad og meir forefallande arbeid på fjellgarden Ytste Skotet.

Alle foto: Inge Bjørdal.

Tredje helga i august gjorde fleire viktig arbeid på fjellgarden Ytste Skotet. I dagane 14. til 16. august vart det utført både slåttedugnad og reparasjon og prøvedrift av vasshjulet på garden.

På bøane kring tunet på garden var det slåttedugnad og det siste av graset vart raka vekk for i år. No står bøane fram nyfriserte og flotte, fortel leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal.

I tillegg til slåttedugnaden vart arbeidet på vasshjulet sluttført med prøvekøyring og alt verka flott. Det spesielle maskineriet vart nytta til drivkraft for treskemasina og vedkløyvaren som var plassert på låven, fortel Bjørdal.

Frammøtet under dugnadshelga på Ytste Skotet var godt med også var fleire nye, unge som møtte og trassa det dårlege veret.

Her er det reparasjon av taubana frå vasshjulet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →