7. oktober 2026

Framleis dårleg ver

Det gjekk langt ut på våren/sommaren før det kom blad på asketreet. No er det grønt og fint.

Det blir lite godt ver dei fyrste vekene i følge vermann Ivar Hol. Sunnmørsposten har prata med han og fått slikt svar.

Det regnar og regnar med lave sommartemperaturar. Slik vil det halde fram nokre dagar eller veker til, for fyrst 11. september blir veret betre i følge vermannen Ivar Hol. Då tender nymånen i øst og det same gjer fullmånen 26. september. Då blir det opphaldsver og greie temperaturar, seier Hol.
Veret i resten av august kan bli både av og på med regn og gover, men det er ingen grunn til å pakke vekk paraplyen, seier han.

Truleg har Ivar Hol rett. Heime på garden står fleire lauvtre, mellom dei ein ask og ei eik. Slik dei stod fram med lauvsetjing i vår trur vi spådommen frå Ivar Hol vil slå til.
Eika fekk grøne blad minst eit par veker før asken, og vi tenkte på det gamle ordtaket;
Eik før ask betyr plask. Hadde det vore omvendt, ask før eik hadde det blitt steik med sol og varmt ver.

No er vi vestlendingar vande med litt av kvart når det gjeld veret, både av vind og nedbør. Mest trasig er det nok for bøndene som ikkje kjem i gong med andreslåtten grunna regnveret, det går ut over kvaliteten på foret til husdyra. For oss andre trur vi det går bra denne gongen også.

Eika fekk blad fyrst i år

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →