7. september 2026

Gode på Landsskyttarstemne

Isak Frøysadal Hauge klar for finaleomgang, der familie og andre frå Sunnylven føl med.

Både Isak og Ørjan frå Sunnylven skaut godt i ungdomsfinalen under Landsskyttarstemne på Lesja onsdag. Daniel Nisja Sørli, Sunndal gjekk heilt til topps.

Det vart 7. plass på Isak Frøysadal Hauge i undomsskytinga på baneskyting under Landsskyttrstemnet på Lesja onsdag kveld. Og broren Ørja fylgde opp med sterke 12 plass, berre poenget bak.
Isak skaut til 341 – 4 i finalen, medan Ørjan hadde 340 – 7. Totalt vart det 106 og 117 plass på dei to på bane under finalestemne.

Vinnar og konge av Landsskyttarstemnet 2026 vart Daniel Nisja Sørli, Sunndal med 349 – 8.
Beste kvinnelege skyttar var Kirsti Haug Transet på 2. plass med 348 – 5.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →