Mattis Stenshagen spurta best i Sandnes og vann 15.0 kilometeren.
Norge gjorde det godt både i langrenn og under skiskyting i Sandnes fredag kveld. Tre sigrar og ein tredje plass vart resultatet.
Det var ingen ting å gjere med Tiril Udnes Weng for konkurrentane under Blink-festivalen i Sandnes fredag 7. august. Under langrennet var den norske løparen suveren og vann klart med fleire meter på utanlandske konkurrentar.
Nesten like suveren var Mattis Stenshagen, løparen med slektsband frå Åkneset i Sunnylvsfjorden. Han vann det 15.0 km. lange løpet på rulleski, med tre franske løparar like bak. Eit flott løp av Stenshagen som lovar godt for konkurransar på snø og ski til vinteren. Han rasjonerte på kreftene under vegs og var 12 – 15 sekund etter leiaren på det meste under løpet, men vann like fullt til slutt.
I skiskying var det fransk dominans i kvinneklassa. Her vart norske Julie Krogstad Johansen nummer tre i klassa for damer etter god skyting.
I klassa for menn var Vetle Sjåstad Cristiansen den sterkaste og vann klart etter eit spurtoppgjør med franske deltakarar. Den norske veteranen blir god til vinteren, det vågar vi å påstå.
Vetle Sjåstad Cristiansen viste god form og vann skiskytinga.
Under sprinten i Blinkfestivalen laurdag vann Lars Heggen for menn, og Ingrid Bergane Aabrekk for kvinner.
