Det blir målgang og premiering ved Gapahuken
Søndag 23. august inviterer Sunnylven IL til Gapahuken opp. Løpet har start på badestranda på Hellesylt, like ved sjøkanten.
Gapahuken opp, som blir arrangert for tredje gong søndag går frå null til 425 meter over havet.
Løypa som er vel tre kilometer lang passerer forbi kyrkja, gjennom deler av byggefeltet på Reset, og tek av inn i skogsterreng mot målgang ved den nye gapahuken oppom Ringdal.
Start for konkurranseklassene er kl. 12.00, for mosjonsklasser kl. 11.00 – 12.00.
Løpet har fleire klasser og varierande starttider;
Jenter / gutar 0-11 år, utan tidtaking kr. 100.-
Jenter 12 – 15 år, startkontingent kr. 100.-
Gutar 12 – 15 år, startkontingent kr. 100.-
Damer senior, 16 år og eldre, kr. 200.-
Herrer senior, 16 år og eldre, kr. 200.-
Mosjonsklasse, start kl. 11.00 – 12.00, kr. 100.-
Betaling og startnummer må hentast for alle konkurranseklasser i paviljongen ved Sunnylven omsorgssenter mellom klokka 10.00 – 11.30.
Det blir rik premieutdeling ved gapahuken for kvar klasse.
Arrangøren har fått inn heile 28 uttrekspremiar til trim -og konkurranseklassa, opplyser leiar Tarjei Korsbrekke. Eitt døger før konkurransen er det ikkje kjent kor mange som stiller til start, men han håper at det blir mange, gjerne fleire enn i fjor då 64 fullførte løpet.
