7. september 2026

Ho-slåtten i full gang

Med sol og varme dagar kom ho-slåtten i gang for fullt hos bøndene i Sunnylven. Avlinga ser ut til å vere god.

Litt forsinka etter veker med dårleg ver kom andreslåtten i gong for fullt denne veka. Og alt tyder på at det blir gode avlingar denne hausten, så om fineveret varer vil bøndene truleg få eit godt forår.

Temperaturen har vore bra både i juli og august, men mykje regn gjorde at andreslåtten kom i gong meir enn ei veke etter normal tid.
No køyrer bøndene på for fullt, men kvaliteten på avlingane har nok teke litt skade av alt regnet som har kome. Det blir likevel eit bra forår i Sunnylven i 2026.

No håper alle at go-veret vil vare i mange dagar, gjerne ei veke og meir slik at ein slepp store køyreskader på bøane og at avlinga kan bli hausta godt i hus.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →