Kongefamilien i Geiranger 2025
Kong Harald V døde fredag 28. august klokka 06.35. Heile folket i Norge er i djup sorg etter at ein avhalden konge er borte.
Etter fleire dagar på sjukehus for Norges konge kom den triste bodskapen fredag morgon, kong Harald V er død. Det har skapt stor sorg i heile landet, den 89 år gamle kongen var ein avhalden konge mellom unge og eldre i landet.
Gjenom 35 år som Norges overhode har han saman med dronninga besøkt nesten alle kommuner i landet, berre nokre få stod igjen som var tenkt besøkt denne hausten. Det fekk ikkje kong Harald høve til.
I Stranda kommune har Harald V vore fleire gonger. Best og som mest storfelt var nok sølvbryllaupsfeiringa til kongen og dronning Sonja i 1993. Det skjedde mellom anna i Geiranger med stor feiring på garden Skageflå.
Til Hellesylt kom kongen og deler av følge i helikopter og landa på Hellesylt for å gå ombord i bussar og tur gjennom Norangsdalen og Øie.
Vår medhjelpar (Arne Inge Tryggestad) har leita fram nokre bilder frå Hellesylt denne store dagen med kongen på besøk.