Cruisebåt ved flytebrygga i Geiranger.
Etter eit vellukka potetballtreff i Josybuda på Kalvatn er Sunnylven pensjonistlag klare for ny tur, denne gongen med ferja frå Hellesylt til Geiranger og tilbake.
Den etter kvart årlege ferjeturen for Sunnylven pensjonistlag nærmar seg. Laurdag 29. august går pensjonistar og andre ombord i ferja Ullensvang på Hellesylt klokka 12.30 og blir med fram og tilbake på den vakre fjordsterekninga mellom Hellesylt og Geiranger.
Det blir ikkje høve til å gå i land i Geiranger denne gongen, returen frå turistbygda er på same ferje klokka 14.00. Kaffi og eventuelt sveler får ein kjøpe på ferja, heiter det i invitasjonen.
Turen er gratis for alle i tilknyting til pensjonistlaget. Det er inga påmelding til turen, så berre møt fram på Hellesylt ferjekai i god tid før avgang, seinast klokka 12.15.
