7. september 2026

Pensjonistar på slåttedugnad

Slåtten går unna for Bjørn t.v og Ole Ragnar

Torsdag vart det skipa til ein vellukka slåttedugnad i vegskråninga bak Coop-bygget på Hellesylt.

Vår mann: Lars Fivelstad.

Sunnylven Pensjonistlag har teke ansvar for å få stelt til denne skråninga. Det måtte til ein god del arbeid med gravemaskin før skråninga kunne såast til og rullast. No var det på tide å slå skråninga for fyrste gong etter at ho var sett i sett i stand.

Lett å få dugnadsfolk
Til arbeidet trong ein folk både til å slå, rake og lesse opp graset, før det vart køyrt vekk, og det var med ein gong ja frå alle ni som vart spurde om å delta. Dette er ein kjekk situasjon for laget!
I fint arbeidsver tok det såleis berre eit par timar før arbeidet var ferdig.

Amund tok småljåen i bruk

Eit kostbart prosjekt
For å få sett i stand skråninga måtte det til mykje arbeid med gravemaskin. Ein måtte fjerne både mykje stein, kratt og stubbar før ein kunne lage ei slett skråning og køyre på meir jord, der det trongst.

Sunnylven Pensjonistlag er såleis særs takksame for at Stranda kommune fann å ville støtte dette prosjektet økonomisk.

Med gaffel og rive, Liv og Solfrid

Til slutt vart det kaffipause for slåttegjengen, frå venstre Håkon, Ole Ragnar, Odd Jostein, Rune, Bjørn, Amund, Solfrid og Liv. Også fotograf Lars var med på dugnaden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →