7. september 2026

Søndagstur frå Herdalen til Ljøen

Søndag 30 august blir det Open dag etter postvegen over Ljøbrekka. Turen er for alle og har start frå Herdal klokka 10.30.

Dei siste åra har det blitt utført eit stort og godt vedlikehaldsarbeid på postvegen frå Herdalen til Ljøen. Både strekninga opp Herdalsbrekka og nedstiginga til Ljøen er blitt ein god turveg som mange, og både unge og eldre går her heile året når forholda tillet det.

Søndag 30. august blir det arrangert turmarsj etter Postvegen og med arrangement ved Ljøen Amfi etterpå. Fleire organisasjonar, grunneigarar og representantar frå forvaltninga er arrangørar av det som blir «Open dag» .
På turen over fjellet vil det bli fleire arrangement, som tursti spesielt for born, og eldsjel i vedlikehaldet av postvegen, Petter Hjørungdal vil vere med og fortelje om historia og arbeidet med restaureringa.

Alle som deltek på turen kan parkere på Ljøen. Der i frå går det gratis buss til Herdalen for alle som vil vere med på turen over Brekka.

På Ljøen blir det ut over dagen fleire arrangement ved Ljøen Amfi. Det blir servering av rjomegraut og kaffi av Sunnylven bygdekvinnelag, musikk av Valldal spelemannslag, og i det gamle skulehuset på Ljøen blir det fotoutstilling av Høgskulen i Volda.
Og det blir skattejakt, grendakonkurranse , og erteposekasting med tre-personslag.

Startkontingent for turmarsjen over fjellet frå Herdal til Ljøen og arrangement elles er kr. 50.- pr. person. Same pris kostar det for dei som berre er med på arrangementet ved Ljøen Amfi, får vi opplyst.

Søndag 30. august blir ein aktiv dag for heile familien når årets postvegmarsj blir arrangert, og som blir avslutta med arrangement ved Ljøen Amfi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →