Det var i fjor at arbeidet med restaurering av båtstøa i Matvika starta opp.
Alle foto: Nils Roger Matvik.
Veret med store bølger hadde ruska og skada steinvoren så då måtte noko gjerast for at ikkje alt skulle bli øydelagt av naturkreftene.
hellesylt.info fekk vere med på tur til Matvika hausten 2025 saman med fleire frå Storfjordens Venner og NRK for å sjå på reparasjon av steinvoren. Og arbeidet gjekk unna sjølv om ein på fjordgarden i Matvika ikkje kunne stille med store maskiner til å forflytte stein og anna masse til gjenreising av voren.
Nå er arbeidet med å restaurere steinvoren fullført, skriv Nils Roger Matvik i ei melding til hellesylt.info.
-Vi var der 4 mann fra onsdag 12. august til mandag 17. august. Disse deltok: Torgeir Erdal, Per Brathaug, Asgeir Kvernberg fra Storfjordens Venner samt Nils Roger Matvik fra grunneierne.
Vigdis Øvrebust og Marit Vatnedal (fra fredag) sørga for forpleining. Arbeidet gikk greit og vart ferdig ein dag før planen. Stort sett fine arbeidsforhold, men ein god del regn på lørdag formiddag gjorde forholda litt utrivelig, skriv Nils Roger Matvik.
Slik ser steinvoren i Matvika etter at arbeidet er sluttført.
Slik såg steinvoren ut då arbeidet starta