7. september 2026

Største ved kai på Hellesylt

Cruiseskipet IONA ved kai på Hellesylt.

Eitt av dei aller største cruiseskipa, Iona med over 6000 passasjerar la til kai på Hellesylt onsdag 5. august.

Cruiseskipet Iona vart liggande ved kai frå morgonen av til klokka 16.30 onsdag, og mange passasjerar tok turen i land. Det vart folksamt i gatene på Hellesylt denne dagen.
Mest trafikk vart det som vanleg på Hellesylt bro der alle ville ha bilde av Hellesyltfossen, og etter fleire «klikk» av dei buldrande vassmassane heldt dei fram opp Kloppene til Høge bru.
Som vanleg tok fleire turen også opp i byggefeltet på Reset før retur til Sunnylven kyrkje for å sjå det flotte bygget frå 1859, eit alternativ dei aller fleste cruiseturistar bruka å få med seg.

Også mange av turistane tok ekstra tur på fjorden i rib-båtar, nokre spela fotball på Hellesylt stadion, og fleire leigde seg syklar for tur opp Sunnylvsbygda og tilbake. Med andre ord stor aktivitet på Hellesylt når stor cruiseskip legg til.
Ein flott turistdag i godt august-ver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →