7. september 2026

Tur til Kalvatn for pensjonistlaget

Vertskapet i restaurangen på Kalvatn sytte for god servering då Sunnylven pensjonistlag var innom på tur. Frå venstre John, Astrid leiar i pensjonistlaget, Synnøve og Sissel. 

Det vart ein smakfull tur for Sunnylven pensjonistlag torsdag. Då opna laget sitt haustprogram med «balldag» i låverestauranten på Kalvatn i Austefjorden.

Potetballen og alt det andre som fylgde med måltidet smaka fortreffeleg i restauranten på Kalvatn torsdag. Dit la 52 damer og menn i Sunnylven pensjonistlag turen, til vertskapet Synnøve og John Leirvik, og medhjelpar Sissel.
Her kunne alle forsyne seg det dei orka av gosakene, og vart etter kvart oppmoda av vertskapet om å ta ein ekstra runde til. Der var nok å forsyne seg av, både av potetball, kjøtt og feitt, og godt var det så her vart alle meir enn mette.

Sunnylven pensjonistlag opna haustsesongen med turen til Kalvatn i Volda. Leiar Astrid Langeland ønska alle vel møtt til bords i den ombygde låven og håpa at alle ville få ein fin dag, noko vi trur dei fekk.
Og ho orienterte om programmet for samlinga. Etter måltidet vart det både visesong av trubadur og gitarist Knut Hanssen, det var allsong frå laget si visebok, og det var åresal med trekking av fleire gevinstar. Frammøtet fekk seg også fortalt ei morosam historie av verten John Leirvik frå ein litt skummel tur han opplevde som liten gut.

Kafeen på Kalvatn er ikkje dagleg open lenger, men tek mot gjestar på bestilling, fekk vi opplyst. Sunnylven pensjonistlag var meir enn 50 denne dagen, men hadde god plass. Kapasiteten på lokalet er på dette anntalet, kanskje litt større.
I alle høve hadde Sunnylven pensjonistlag ein fin tur i godt ver med ei hyggeleg samling, og med eit godt måltid på Kalvatn torsdag.

Knut Hanssen hadde med gitaren og sytte for musikalsk underhaldning med fleire songar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →