7. september 2026

Vakker kveldsstund i kyrkja

Desse var aktive under kveldssamlinga i kyrkja, frå venstre Kristin Storstein, Marta Friestad, Tonje Støverstein og Ann Kristin Langeland.

Søndag 9. august var det kveldssamling i Sunnylven kyrkje med gode ord, og mykje vakker song og musikk.

Sjølv om veret var dårleg burde frammøtet vore betre, for det vart ein vakker kveldstime i Sunnylven kyrkje søndag kveld.
Samlinga opna med «Blå salme» framført av Kristin Storstein med Romain Vaude ved pianoet, før kantor Ann Kristin Langeland heldt fram med gode ord og ønska vel møtt til samling og kveldsbøn.
-Når dagen går mot kveld har menneske lagt frå seg uro og overlate alt i Herren sine hender. Det betyr noko i vår tid, å ha ro og fred der vi kan sleppe taket på det som uroar oss, sa ho mellom anna.

Under kveldssamlinga spela Romain Vaude både på kyrkjeorgelet og piano, og det var salmesong av kyrkjelyden og tekstlesing av kantor Ann Kristin.
To unge jenter, Tonje og Marta song to songar til tonefølgje av Romain, «Kjære Gud eg har det godt», og «Fager kveldssol smiler», og etter refleksjonar av kantor framførte Kristin og Romain «Bred dina vida vingar».

Det var ei vakker kveldsstund i vakre Sunnylven kyrkje søndag kveld. Som avslutning før velsigning, postludium og dei ni slaga av kyrkjeklokka song kyrkjelyden salmen «Den dag du gav oss er til ende».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →