
Ungdomshuset Fossedur i Hellesylt sentrum vart rive våren 1981. Då hadde det i ein mannsalder romma ei mengde aktivitetar frå julefestar, ungdomskveldar og konsertar til vanlege dansefestar. Fossedur vart reist i 1926 og kosta då om lag 20.000 kroner. Dei siste åra før riving var ikkje huset godkjent til bruk som forsamlingshus og det vart regulert vekk hovudsakleg til trafikkformål. Samfunnshuset, som vart bygt nokre år i forvegen, hadde overtatt mange av funksjonane til det gamle ungdomshuset. Det var Oddvar Tynes, Ivar Hauge og Knut Sundgot som stod for rivingsarbeidet.

Frå Inge Røyrhus har vi fått tilsendt bilder av Fossedur frå perioden rett før det vart rive. Inge fortel at han var formann (som det heitte den tida) i Hellesylt Ungdomslag.
-Vi var svært spente på om vi skulle klare å ta vare på motivet som var måla på veggen over scena. Dette måleriet, med motiv framover Langedalen, var måla direkte på panelbord.Då måtte det stivast av med tversgåande treverk, eg trur det var i dimensjon 4 x 4 tommar, oppe og nede på heile veggen. Det var bora hol gjennom veggen for montering av taljer. Så vart heile veggen saga ut med motorsager og fira ned på golvet.
Etterpå vart veggen transportert ut gjennom vindauga som var vendt mot elva, deretter ned på ein lastebil rekvirert frå Stranda og Sykkylven Billag. Erling Ljøen var sjåfør. Vi frakta dette så inn i «Mont-løa» ved Formvac, der det vart lagra til det skulle monterast på veggen i det nye tilbygget til Sunnylven Samfunnshus.

Dette var eit svært spennande oppdrag, og vi i styret i Hellesylt Ungdomslag var slett ikkje sikre på om det skulle gå bra. Difor tok eg nokre bilete av dette måleriet, og av heile huset «Fossedur», for å ta vare på det for ettertida.
Heldigvis gjekk det bra, takka vere stor og klok innsats frå mange personar, avsluttar Inge !

Dersom det er fleire som har bilder eller historier frå «gamle» Hellesylt så er hellesylt.info veldig interessert i å høyre frå dykk.
Ta kontakt på : post@hellesylt.info


