I desse dagar legg Storfjordens Venner eit flygeblad i postkassene. Dei ønskjer fleire medlemer og støtte.
Storfjordens Venner har i over 50 år lagt ned eit omfattande arbeid for å gjenreise og ta vare på eldre bygg og mykje anna langs veglause områder i Storfjorden.
Svært mange er positive til foreninga sitt arbeid som har vakt verksemd både nasjonalt og internasjonalt. Og oppslutnaden om foreninga sitt arbeid har vore god, men for å halde fram treng organisasjonen fleire medlemmer og støtte.
-Dette er ein arv vi ønskjer å ta vare på – og gjere levande for nye generasjonar -, skriv styreleiar i Storfjordens Venner Inge Bjørdal i skriv som er lagt ut i postkasser.
Meld deg inn i 2026 og du får Medlemskoppen (bildet), ein emaljert turkopp i medlemsgåve.
