7. oktober 2026

Brannvern-øving

Her blir det gamle våningshuset på Frøysa slukt av flammane. (Foto: Oddrun Lødøen Helset)

Eit eldre, ubebodd hus på Frøysa gjekk opp i flammar tysdag kveld. På nokre timar var øvinga til Stranda brannvern gjennomført som planlagt. 

Det gamle huset på Frøysa har stått ubebodd lenge. No hadde ver og vind gjort sitt slik at det ikkje var botevon for bygget lenger. Dermed vart det i staden ei god øving for det lokale brannvernet i Stranda.
Byggninga brann godt, for tømmeret og resten av kledning var tørt sjølv om det hadde regna mykje i Sunnylvsbygda dei siste dagane. Alt vart etter kvart til oske under full kontroll frå brannvesenet.

Etter omlag to timar var huset kontrollert brent ned.
Mannskap på øvinga talde meir enn 20 frå brannkorps og sivilforsvar i Sunnylven etter det vi har fått opplyst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →