Her er eitt av partia som blir utbetra på strekninga Brekke – Vollset.
Fram til veke 43 bli det jobba med utbetring av vegen frå Brekke til Vollset i Sunnylvsbygda.
På streninga Brekke til Vollset er det stikkrenner og ein del vegmasse som blir reparert og skifta ut. Vegen har ikkje told mykje tungtrafikk dei siste åra.
Byggeleiar i Møre & Romsdal fylkeskommune, Kåre Andre Berge fortel at det skal skiftast stikkrenner, og samtidig blir ein del vegmasse fornya.
Vegen på strekninga vil vere stengt i tida frå 07.00 til 19.00 kvar dag fram til veke 43, eller midt i oktober.
Det betyr likevel ikkje at det er uråd å passere på strekninga kvar dag i denne perioden. Tidsrommet kan endre seg om det oppstår uforutsette ting, seier Berge til lokalavisa Nyss.
Det bur tre husstandar på Vollset som blir råka av vegstenginga. Ein gardbrukar driv med husdyr og mjølkeproduksjon.
