7. september 2026

Fekk besøk frå Trøndelag

 

Det var roleg sjø og fint ver på ferjeturen frå Hellesylt til Geiranger. Her passerer delegasjonen Matvika.   (Foto; Inge Bjørdal)

På fyrste dag i september deltok Odd Normann Hoff og Inge Bjørdal på orientering for representerer frå Utvalde Kulturlandskap (UKL) og Verdsarv frå Trøndelag.

Innlegg; Tilsendt.

Dette var ein gjenvisitt frå ein tilsvarande tur for representantar frå Møre og Romsdal som besøkte Bergstaden Røros i 2025. Turen var ei felles samling for grunneigarar og forvaltarar av UKL, og Verdsarvområda i Trøndelag og Møre og Romsdal.
Dei tilreisande viste stor interesse for arbeidet til Storfjordens Venner og arbeidet med å ta vare på kulturarven langs fjordsystemet.

Delegasjonen kom frå Alnes (UKL), og fyrste stopp var på utsiktspunktet på Ljøen. Der var også ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang som hadde gode velkomstord og som gav ei orientering om geografien i området.
Frå utkikkspunktet fekk dei ei god oversikt over fjordsystemet og ei forteljing om grunnlaget for oppstarten til Storfjordens Venner.

Frå båtturen på Geirangerfjorden. (Foto: Marianne Aas Halse)

Turen heldt fram til Hellesylt der delegasjonen tok ferja innover fjorden til Geiranger.
På ferjeturen etter Geirangerfjorden orienterte Odd Normann og formidlar historier om fjordgardane og arbeidet som Storfjordens Venner har utført på mange av dei nedlagde gardane. Arbeid som er utført på ein framifrå måte og med ein detaljrikdom som er heilt utruleg.
Hoff krydrar faktainformasjonen med mange historier om hendingar frå det som er skjedd fram gjennom tida – om ulukker, dramatiske hendingar og spesielle historier om einskildpersonar – både alvorsame og av det meir humoristiske slaget.

Inge Bjørdal hadde også nokre innslag om korleis han hadde arbeidd med tiltak i vårt verdsarvområde sidan han byrja i stillinga som næringssjef i 2007.

Det vart ei innhaldsrik reise i fint haustver etter Verdsarvfjorden. Som takk for innsatsen fekk dei overrekt ei bok med tittelen «Folk, ferdsel og landskap. Klevgardan – Sliper – Detli – Hulberget i Oppdal» av Tommy Fossum frå Eva Dybwad Alstad, Landbruks- og reindriftsavdelinga hos Statsforvaltaren Trøndelag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →