Fyrste klasse, frå venstre; Oskar, Ida, Sverre, Joakim, Tomine og Isabelle. (Tekst/foto: Ruth Hole Aaland)
Sunnylven sanitetslag og Sunnylven bygdekvinnelag er begge aktive. Den siste tida og framover har begge hatt fleire arrangement.
Både Sanitetslaget òg Bygdekvinnelag deltok på den landsomfattande beredskapøvinga «Norge øver» i regi av statsforvaltaren 21. september.
Ved Sunnylven skule starta ei ny klasse skuleelevar i august og tradisjon tru var sanitetslaget på plass og delte ut gåver til seks nye elevar. Fyrsteklassingane fekk badehandle med namnet sitt på, noko dei vart glade for.
Av andre arrangement med dei to laga tek vi med at på omsorgssenteret vart det servert ekstra god kveldsmat til bebuarane i september, der går eldretrimmen «Sterk og stødig» kvar tysdag, og utover hausten blir det strikkekafe og basar på Sunnylven samfunnshus laurdag 24. oktober.
Dette kjem vi tilbake til.