7. oktober 2026

Gode i Hornindal

Her er dei to laga frå Hornindal t.v. og Sunnylven etter kampen. Til høgre på bildet dommar Lillian Aasheim.

Sunnylven sitt G14-lag spela i kveld treningskamp mot same alderslag frå Hornindal. Det enda uavgjort 4 – 4.

Då det er nokre dagar til neste seriekamp for Sunnylven sitt G14-lag vart det treningskamp mot Hornindal G14 på Hornindal stadion. Heimelaget i sør har eit godt mannskap, så oppgjøret var imøtesett med spaning.
Laga spela tre omgongar a 25 minutt, og resultatet vart til slutt uavgjort 4 – 4.

Sunnylven hadde med ni spelarar, fire gutar og fem jenter.
Fyrste omgang enda uavgjort 1-1. I andre omgang skåra Sunnylven to mål, Hornindal null mål, og i tredje og siste omgang donka Hornindal inn tre, Sunnylven eitt.

Målskårarar for Sunnylven i treningskampen var Jakob to, Fredrik eitt og Emma eitt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →