Sunnylven har eit knakande godt guttelag i fotball. G10-laget har spela både turneringar og mange kampar i år og donka inn masse mål. Det har blitt siger i dei fleste kampane både på heime -og bortebane, sist var sigeren på fem så dette lovar godt for fotballen i Sunnylven. Kanskje kan det kome eit nytt A-lag i seriespel frå klubben om nokre år?
Laget består av 12 spelarar, av desse også tre jenter som hevdar seg godt. Leif Rune Tryggestad t.h. og Daniel Støverstein er trenarar for det kjappe og målskårande laget.