7. oktober 2026

Haustfest i Sunnylven kyrkje

Mange born fekk sine kyrkjebøker søndag. Dei takka for gåva med song.

I Sunnylven kyrkje var det haustfest søndag 13. september. Ei minnerik stund på ein vakker dag.

Mange kom til kyrkje på hausttakkefesten der også neste års konfirmantar vart presentert, og saman med 2, -4 og 6-åringar som fekk sine kyrkjebøker av sokneprest Ann Kristin Langeland og Janne Frøysa.

Sunnylven kyrkje var pynta av Sunnylven bygdekvinnelag med mykje av haustens frukt og fargar som har vakse fram i åker og eng dette året. I koren stod skåler og fat fulle av beste slag og var eit synleg bevis på at vekstsesongen hadde vore god sjølv om veret ikkje hadde vore det beste på alle dagar gjennom sommaren.

Haustgudstenesta var elles fylt av vakker song og musikk av Kristin Storstein og organist Gunnar Inge Eide, og ei kort, men engasjerande preike av soknepresten.

Konfirmantane fekk kvar sin bibel av Ann Kristin Langeland.

Sunnylven bygdekvinnelag hadde pynta med frukt og grønt til hausttakkefesten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →