7. oktober 2026

Hausttakkefest i Sunnylven kyrkje

Søndag 13. september kl. 11.00 er det hausttakkefest og presentasjon av fem konfirmantar til neste vår. Også unge born får gåve frå kyrkja denne dagen.

Søndag 13. september er det gudsteneste og hausttakkefest i Sunnylven kyrkje. Då blir kyrkja pynta med blomar og frukt, og med takk for alt det gode frå årets avling.
Under hausttakkefesten i kyrkja møter vi også årets konfirmantar, og born som får utdelt bøker frå kyrkja.
hellesylt.info har fått denne meldinga om haustakkefesten frå sokneprest Ann Kristin Langeland. 

-Velkomen til hausttakkefest i Sunnylven kyrkje!
Hausten er her med fulle hagar, modne bær, innhausting og dei vakre fargane som legg seg over bygda. Då er det tid for å samlast i kyrkja til den årlege hausttakkefesten og stoppe opp litt saman, for å takke for alt det gode vi får ta imot.

Kyrkja blir, som alltid, pynta med markens grøde av Sunnylven bygdekvinnelag. Frukt, grønsaker, blomar og haustfargar minner oss om at mykje av det vi lever av og lever med, eigentleg er gåver.

Alle barn er inviterte til å ta med seg ei korg med frukt, grønsaker eller andre gåver frå hage og natur. Desse blir med i prosesjonen ved starten av gudstenesta. Det er eit flott syn når dei minste får vere med og setje sitt preg på feiringa.

Denne dagen blir det også utdeling av bøker til 2-, 4- og 6-åringane, og barna vil vere med og synge under gudstenesta. Det gjer hausttakkefesten til ei ekstra levande og glad feiring, der dei yngste får ein naturleg og viktig plass.

Vi skal også få helse dei fem nye konfirmantane våre velkomne. For dei markerer dagen med starten på konfirmanttida, eit år fylt av nye erfaringar, nye spørsmål, fellesskap og tru.

Vi håpar kyrkjelyden vil vere med og ta godt imot dei. I ei lita bygd høyrer vi til kvarandre, på tvers av generasjonar. Når konfirmantane no tek fatt på vegen fram mot konfirmasjonsdagen, er dei ikkje åleine. Dei har med seg familiar, bygda og kyrkjelyden rundt seg. Hausttakkefesten blir difor også eit høve til å vise at vi står saman om å heie dei fram og be for dei gjennom året som ligg framfor.

Medverkande i gudstenesta er Janne, Kristin, Gunnar Inge og Ann Kristin.
Ta gjerne med deg familie, vener, naboar og barnebarn, og kom til ei gudsteneste fylt av takksemd, song, fellesskap og haustglede.

Vel møtt til hausttakkefest i Sunnylven kyrkje!-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →