7. oktober 2026

Joker-butikken bygger om

Heile Sporstøl-familien var i arbeid med rydding før ombygginga. Frå venstre Svein og Jorunn, Sofie, Hilde, Amalie, Borghild og Mathias.

På Hellesylt er det i gong ei stor fornying av Joker-butikken. Frå måndag i veke 39 blir butikken stengd i tre dagar, men opnar i ny drakt igjen på torsdag.

Det var stor aktivitet i Joker-butikken då hellesylt.info stakk innom. Mange frå familien Sporstøl som eig og driv butikken var i arbeid, for her skulle varer fjernast og mykje anna ryddast fekk. Dagen etter venta dei arbeidsfolk for ei fornying med stor ombygging, fekk vi oss fotalt.

Butikksjef Svein Sporstøl viser oss teikninga og forklarer oss om det som skal skje med butikken, 20 år etter at det siste gong vart gjennomført fornying og vedlikehald.
Ombygginga denne gongen startar måndag 21. september og skal vere ferdig på onsdag kveld. Torsdag er det på nytt handel i daglegvarebutikken.

Joker Hellesylt har endra namn fleire gonger frå då butikken starta opp som Tryggestad landhandel i gata på Hellesylt.
I 1983 kom nybygget og handelen auka i takt med varesortimentet. Siste vedlikehald vart gjennomført for 20 år sidan.

Her er teikninga av korleis Joker-butikken på Hellesylt vil sjå ut etter ombygging.

Denne gongen skal Joker få nye ting på plass, frysediskar skal flyttast og kome fram meir synleg, det blir panteautomat for boksar -og flasker, og eitt av dei to kassaapparata blir nytt på ny plass. Det er den største nyinvesteringa, men elles blir alle diskar snudde på tvers i staden for på lags i butikken. Sjå avbilda teikning.
-Butikken skal bli oversiktleg og enkel å finne fram i både for kundane og for oss. Og vi skal by eit variert og godt varesortemang, alt det kundane våre vil ha, seier Svein Sporstøl og Borghild Sporstøl som er ass. butikksjef.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →