12. november 2026

MSC Euribia på Hellesylt

MSC Euribia ved cruisekaia på Hellesylt tysdag 15. september.

Cruiseskipet MSC Euribia kom til Hellesylt og låg ved djupvasskaia heile tysdag. På land i sentrumsområdet krydde det av passasjerar.

Det vart ein ny, triveleg cruisedag på Hellesylt, denne gongen for passasjerane på cruiseskipet MSC Euribia. Cruiseskipet skulle eigentleg gå til Geiranger etter eit kort anløp på Hellesylt om morgonen, men vermeldinga gjorde at dette vart endra etter meldingar om ustabile ver -og vindforhold. Det vart i staden full dag på Hellesylt for fleire tusen passasjerar.

MSC Euribia er av dei største cruiseskipa, 331 meter lang og plass til over 6000 passasjerar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →