Så nær var Jakob å skåre, men ballen gjekk på utsida av stonga.
Sunnylven G14 møtte NEG (Norddal/Eidsdal/Geiranger) på Hellesylt stadion tysdag 8. september. Det vart tap 1-6 (0-3) for heimelaget.
Sunnylven G14 hadde fire gutar og seks jenter i spelarstallen då dei møtte NEG på Hellesylt stadion tysdag kveld. Begge laga spelar i 7ar-serien.
Tidlegare har Sunnylven møtt NEG fleire gonger, men aldri makta å stå mot i kampar mot dei gule og blåkledde frå nabobygda. Det har blitt store braktap, gjerne tosifra i alle oppgjør tidlegare.
Under kampen tysdag kveld vart det jamnare, og Sunnylven var fårleg frampå fleire gonger framfor gjestane sitt mål. Men ballen gjekk utanfor målstengene, i tillegg til at NEG hadde ein god burvaktar.
I staden vart det mål i mot for Sunnylven, og ved pause stod det 3-0 til NEG.
Andre omgang starta omlag som fyrste, kampen bølga fram og tilbake. Heimelaget var godt med og burde ha skåra, men det ville seg ikkje no heller.
Det gjorde det for gjestane som la på to nye mål og det stod 0-5.
Men så med omlag sju minutt igjen av kampen vart det endeleg mål også for heimelaget. Tora Rusten hadde siste spark på ballen heilt inne på målstrenen, og vi skreiv 1-5 på blokka.
Heilt på slutten donka NEG inn eit mål til slik at sluttresultatet mellom G14-laga Sunnylven og NEG vart 1-6.
Dette var eit bra resultat mot topplaget i avdelinga. Tidlegare møte har enda med tosifra tapsresultet.
Sunnylven G14 med mange gode! jenter på laget møtte eit godt guttelag og skal ha skryt for innsats og god kjemping. Men det vart utan poeng denne gongen også sjølv om resultatet var langt betre enn i tidlegare oppgjør.
God dommar var ei jente frå Bergsøy IL, Helena Marie Kristiansen. Velkomen tilbake til Hellesylt stadion til nye kampar Helena!
Sunnylven G14 pressar på for skåring. Heilt til høgre dommar Helena Marie Kristiansen.
