Ved brannstasjonen på Hellesylt er det open dag laurdag 26. september frå klokka 11.00 til 14.00.
Å vere førebudd på brann kan vere viktig i kvardagen. Kva ein då skal gjere er nyttig kunnskap, å ha lært eller øvd på varsling og eventuelle tiltak om uhellet skulle oppstå.
Dette og meir kan ein lære litt om på Hellesylt Brannstasjon laurdag 26. september. Der er det open dag for alle, born og vaksne i alle aldersgrupper frå klokka 11.00 til klokka 14.00. Ta gjerne turen dit for ein prat, er oppmodinga frå Stranda brannvern.
Ansatte ved stasjonen ønsker alle velkomne til nyttig informasjon om førebygging av uønska brann.
