Tre damer som jobba ved Joker på Ny-opningsdagen, frå venstre Jorunn, Sofie og Amalie.
Dei tilsette ved Joker Hellesylt flytta torsdag inn i ny butikk. Bygget er det same, men interiør med vareutval er mykje endra.
Joker Hellesylt feira med kake til kundane på torsdag 24. september. Då flytta betjeninga inn i nyombygd butikk, eit arbeid til glede for kundane.
Etter fire dagar, ein med rydding og tre med ombygging og plassering av varer, var det klart for opning igjen.
Vi kom inn i ein heilt ny butikk på Hellesylt like etter opning torsdag. Her har eigar og designarar gjort ein god jobb.
Ved to kassaapparat like ved inngangsdøra sat to unge, smilande damer. Vi var komen inn i ein hyggeleg butikk med hyggeleg betjening. Og vi fekk meir å sjå etter kvart som vi bevega oss innover.
Langs veggane var varer plassert omlag som før, men midt i lokalet var frysediskar snudd, og i tillegg var der fire høge hyllereolar, oversiktleg og fulle av varer.
Vi var i ein ny butikk med god plass og eit oversiktleg vareutval og gode løysingar.
Nytt var også panteautomaten for flasker og boksar på eine langveggen, dekorert som murvegg og merka med opplysande tekst.
Butikksjef Jorunn Sporstøl rosar kundane, ho er godt nøgd med handelen ved butikken. Det gjer at dei vågar å ta kostnaden med å fornye seg. Også sommarsalet var godt sjølv om veret var berre så som så, seier ho.
Nyrenoveringa av butikken kosta heilt sikkert mykje, -men vi har betalt det sjølve, sa Jorunn.
Også for 20 – 25 år sidan fornya Jorunn og Svein Sporstøl butikken på Hellesylt.
Ved døra til lageret står panteautomaten, ei av fleire nyinvesteringar ved Joker.
