7. oktober 2026

Programmet klart for energimøte

Stranda senterparti inviterer til ope møte i Storfjord Kulturhus måndag 5. oktober. Tema for møtet er energikjelder og bruk av desse.

Det blir fleire innlegg om energi og bruk av desse på møtet som Stranda senterparti inviterer til på Storfjord Kulturhus måndag 5. oktober.
Møtet startar klokka 19.00 og varer fram mot klokka 22.00.

Her blir det fokus på fleire energikjelder og måtar å utnytte desse på, både innan kjernekraft, hydrogen, biogass og meir.
Fleire fagfolk innan desse områda deltek med innlegg som blir avrunda i debatt til slutt på møtet.

Vi tek med programmet her;
19.00 – 19.10: Velkomst.
19.10 – 19.30: Kjernekraft – eit reelt alternativ til andre energikjelder, v/Jan Emblemsvåg, professor ved
NTNU.
19.30 – 19.50: Kraftsituasjonen på Sunnmøre. Korleis kan Norge skaffe nok fornybar energi mot 2040,
v/Erik Espeset, konserndirektør Tafjord AS.
19.50 – 20.10: Paradokset hydrogenproduksjon på Hellesylt og framleis dieselferjer på verdsarvfjorden,
v/Jens Berge, CEO Norwegian Hydrogen.
20.10 – 20.30: Lærdom av å vere frontrunner i Det grøne skiftet, v/Per Sævik, Havila.
20.30 – 20.50: Potensiale for bruk av biogass frå Vest Biogass, Hornindal,
v/Erik Rynning, dagleg leiar Vest Biogass.
20.50 – 21.00: Pause med enkel servering.
21.00 – 21.45: Debatt rundt følgjande problemstillingar:
* Flaskehalsar i arbeidet med styrking av energitryggleik, og korleis redusere/eliminere desse?
* Sistemannsprinsippet og anleggsbidrag – eit relikt regelverk som hemmar utkantane?
* Kva for energikjelder eller kombinasjonar av slike bør ein satse på for å optimalisere viktige     samfunnsmål innan beredskap, samfunnstryggleik, samfunnsøkonomi og miljø?
* Nullutsleppsvedtaket for verdsarvfjordane – eit forhasta vedtak, eller ein pådrivar for naudsynt         energiomstilling?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →