Litlebø kraftverk.
Stranda Senterparti inviterer måndag 5. oktober til ope energimøte i Storfjord kulturhus på Stranda. Her blir energiforsyning, utfordringar og løysingar debattert.
På kveldstid måndag 5. oktober mellom klokka 19.00 – 21.45 held Stranda Senterparti ope møte i Storfjord kulturhus der tilgang på nok kraft blir drøfta.
– Energitilgang av rein kraft er i ferd med å bli eit stadig viktigare spørsmål for næringsutvikling, beredskap og det grøne skiftet på Sunnmøre. Samstundes står vi midt i diskusjonar om kraftnett, kjernekraft, hydrogen, biogass, elektrifisering og kva energiløysingar vi faktisk skal satse på framover, skriv leiar i Stranda Senterparti Inge Bjørdal.
Til møtet vil partiet samle fleire sentrale aktørar med ulike perspektiv:
Jan Emblemsvåg, professor ved NTNU, tek opp spørsmålet om kjernekraft kan vere eit reelt alternativ til andre energikjelder, og ser på teknologi, økonomi og miljøkonsekvensar.
Erik Espeset, konserndirektør i Tafjord AS, tek føre seg kraftsituasjonen på Sunnmøre og korleis Noreg kan skaffe nok fornybar energi fram mot 2040.
Jens Berge, CEO i Norwegian Hydrogen, tek utgangspunkt i paradokset mellom hydrogenproduksjonen på Hellesylt og dieselferjene som framleis trafikkerer verdsarvfjorden.
Per Sævik, grunnleggjar av Havila, vil dele erfaringar frå det å vere tidleg ute i det grøne skiftet.
Antec/Vest Biogass er også invitert, men om det kjem nokon her, blir stadfesta når endeleg program ligg føre.
– Etter innleiingane blir det ein times debatt leia av Jan Ove Tryggestad. Her vil vi mellom anna diskutere flaskehalsane i energiforsyninga, kapasiteten i kraftnettet, siste-mannsprinsippet og anleggsbidrag, kva energikjelder Sunnmøre bør satse på, og nullutsleppskrava for verdsarvfjordane.
Kva skal til for at Sunnmøre både har nok kraft, trygg energiforsyning og rom for ny næringsutvikling?
Dette er spørsmål som får stadig større betydning for både kommunane, næringslivet og innbyggjarane våre-.
Møtet er ope for alle, skriv Stranda Senterparti og partileiar Inge Bjørdal.