12. november 2026

Skaut til gull i Nordisk meisterskap

Ørjan Frøysadal Hauge, skarpskyttar i Nordisk meisterskap i skyting.

Ørjan Frøysadal Hauge vart deltakar i Nordisk meisterskap i skyting. Han kom heim med tre gullmedaljer, ei sølv og ein fjerde plass.

Alle foto: Kirsti F. Hauge

Det vart ei eventyrleg reise til Nordisk meisterskap i skyting for Ørjan Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag. Der skaut han meir enn godt og var med å sikre tre gull, ei sølv og ein fjerde plass. Eit fantastisk meisterskap av den unge skyttaren frå Sunnylven.

Ørjan jobbar til vanleg på båt og gjekk dermed glipp av viktige kvalifiseringsstemne til landslaget. Han var reserve til laget som skulle representere Norge i nordisk meisterskap i skyting.
Men måndag siste dag i august fekk han telefon frå skyttarkontoret DFS om han kunne stille på landslaget i nordisk. Fristen var kort, han måtte vere i Sverige onsdag morgon der skytinga skulle foregå.

Dermed var det å hive seg rundt, og alt tysdag kveld var han på plass og møtte resten av landslaget, fortel mor Kirsti Frøysadal Hauge.

Fyrste øving under meisterskapen var liggande skyting. Her konkurrerte ungdomsklassa og senior på lik linje, og der vart det fjerde plass av 45 skyttarar. Mellom ungdomane (U 20) var Ørjan beste av alle.

Fredag var det baneskyting og her vart han nummer to i ungdom og sikra seg sølvmedalje, berre eitt poeng etter vinnaren frå Danmark.
Dagen etter, på laurdag var det så feltskyting etter nordisk opplegg, ca. halvparten med ukjend avstand som skyttaren måtte avgjere sjølv. I tillegg var det mykje vind denne dagen og vanskelege forhold. Men dette takla Ørja suverent og vann feltøvelsen. Dermed var gulljakta i gong.

Under meisterskapen var det også lagskyting i både felt og bane. Her stilte dei tre nordiske landa, Norge, Sverige og Danmark lag og her vann Norge begge øvingane med Ørjan Frøysadal Hauge på laget, fortel Kirsti.

Ho fortel at Ørjan i utgangspunktet var reserve på det norske laget, men viste seg å vere den aller mest treffsikre og vart Norges beste ungdomsskyttar. Premiefangsten frå konkurransane i Sverige vart 3 gull, 1 sølv, og ein fjerdeplass.
Det er resultat som Ørjan Frøysadal Hauge har lov å vere litt stolt av.
Og vi i www.hellesylt.info gratulerer så mykje!

Screenshot

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →