Eva Weel Skram, Nordic Tenors, Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga står på programmet når Festspela i Geiranger går av stabelen 1.– 4. oktober.
Tekst/foto: Tilsendt frå arrangør.
Sunnmørske musikktradisjonar, songglede og lokale møteplassar har ein tydeleg plass i årets festival i Geiranger 2026. Festivalen byr på fire dagar med konsertar, folkeliv og musikalske møte i kyrkja, på fjorden, i sentrum og på fjellgard.
Og programmet spenner frå klassisk musikk og folkemusikk til pop, korsong og meir uformelle konsertformat. Det er framleis råd å få billettar til fleire av arrangementa.
– Vi er veldig glade for årets program. Vi har fått med oss artistar og musikarar på svært høgt nivå, men like viktig er det å skape opplevingar som høyrer heime akkurat her. Festspela skal vere tett på både publikum, bygda og naturen, seier festivalsjef Gunnar Inge Eide.
Fredag 2. oktober opnar Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga festivalen i Geiranger kyrkje. Same kveld blir det Pub-kor på Gildetun ungdomshus med ein av dei verkeleg store profilane i norsk korliv, Per Oddvar «Prots» Hildre.
Hildre skal også leie eit korseminar gjennom festivalhelga. Her står songglede, fellesskap og musikalsk utvikling i sentrum.
Per Oddvar «Prots» Hildre kjem til Festspela i Geiranger.
– Prots har ei eiga evne til å skape entusiasme og få folk til å kjenne kor sterkt det er å synge saman. Pub-koret er ope for alle, også dei som aldri har sunge i kor før. Det viktigaste er å vere med, seier Eide.
Frå Ålesund til Festspela med musikk om bord.
Også sjøvegen til Geiranger blir ein del av festivalopplevinga. Fredag 2. oktober går Geirangerfjord III frå Ålesund kl. 10.30 med eit eige Festspelcruise.
Om bord spelar ungdomsorkesteret «Indre Strøk» saman med musikarar frå Ålesund Strykekvartett. På programmet står mellom anna nordiske folketonar og norske viser.
Geiranger Fjordservice tilbyr 50 prosent festivalrabatt på utvalde éinvegsreiser mellom Ålesund og Geiranger i samband med festivalen.
Eva Weel Skram blir å høyre på båttur i verdsarvfjorden laurdag.
Konsert med Eva Weel Skram i verdsarvfjorden.
Laurdag 3. oktober blir fjorden også sjølve konsertarenaen når Eva Weel Skram held konsert om bord på Geirangerfjord III.
Publikum får oppleve ein av landets mest kjende songarar tett på, medan båten går gjennom verdsarvfjorden med fjell og fossar rundt seg.
– Vi ønskjer å bruke Geiranger på ein måte som gjer at staden blir ein del av konsertopplevinga. Konserten med Eva Weel Skram er eit godt døme på det. Her møtest musikken og fjorden på ein heilt naturleg måte, seier Eide.
Seinare laurdag står Nordic Tenors på scena i Geirangersalen. Dei tre tenorane er kjende for kombinasjonen av sterke stemmer, breitt repertoar, humor og nær kontakt med publikum. Under konserten blir fjordlandskapet bakteppe for scena.
Folkemusikk og fellesskap.
Britt Pernille Frøholm får ei sentral rolle under årets Festspel.
Folkemusikaren frå Nordfjord spelar både på Festspelpub saman med Oslo Strykekvartett og på den avsluttande fjellgardkonserten på Westerås gard.
Der møter ho Geir Inge Lotsberg og Kåre Nordstoga i eit program der folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre møter dei store komponistane frå kontinentet.
Opplevingar for både små og store.
Festspela skal også vere ein festival der ein kan delta utan å kjøpe billett til ein konsert. Laurdag blir Geiranger sentrum fylt med aktivitetar og folkeliv når Haustmarknad, festivalgate og der Barnas Festspel går av stabelen.
På haustmarknaden og i festivalgata blir det mellom anna lokal mat, kunsthandverk og levande musikk, medan Barnas Festspel byr på aktivitetar, kulturopplevingar, kunstverkstader og konsertar for dei yngste.
– Det er viktig for oss at Festspela har noko for både unge og eldre.
Ein skal kunne kome til Geiranger for ein konsert, men også bruke dagen i sentrum, ta med barna, møte folk og vere ein del av festivalstemninga-, seier Eide.
Laurdagen byr dermed på eit program som strekkjer seg frå familieaktivitetar og marknad på dagtid til fjordkonsert, Nordic Tenors og Festspelpub utover kvelden.
Siste dag.
Søndag står den tradisjonsrike festspelgudstenesta i Geiranger kyrkje på programmet før festivalen blir avslutta med fjellgardkonsert på Westerås gard.
– Vi ønskjer at folk skal kunne vere i Geiranger gjennom heile helga og oppleve meir enn enkeltkonsertar. Det skal vere musikk i mange former, aktivitetar, møte mellom folk og liv i bygda. Det er den heilskapen vi meiner gjer Festspela til noko eige, seier Gunnar Inge Eide.
Det er framleis ledige billettar til fleire av arrangementa, og Festspela oppmodar publikum til å sjå gjennom heile programmet. Her finst både store konsertopplevingar, lågterskeltilbod, aktivitetar for barn og opne møteplassar gjennom festivalhelga.
Program og billettar er tilgjengelege på festspel.no.
