Sunnmøre kristelege mannskor blir å høyre i Sunnylven kyrkje søndag 4. oktober.
Søndag 4. oktober inviterer Sunnmøre kristelege mannskor til songmøte i Sunnylven kyrkje kl 16.30.
Det blir korsong i Sunnylven kyrkje på søndag 4. oktober. Dit kjem Sunnmøre kristelege mannskor, mellom tjuge og tretti songarar under leiing av dirigent Svein Eiksund. Ei vakker ettermiddags-stund i kyrkja mange bør få med seg.
Koret er på haustturne og på søndag kjem dei frå konsert i Austefjorden kyrkje, og frå Hellesylt dreg dei til Ikornes kyrkje og ny konsert.
Frå prest Ann Kristin Langeland har vi fått denne informasjonen om koret;
- -Koret skriv at dei pr. dato er 26 songare. Sjølve koret er 93 år og vart starta som eit påskekor, og det var KFUM/ KFUK som var drivkrafta.
Den eldste deltaker og sanger er 93 år og sprek som ein fole.
Den mest kjende dirigenten var Johan H Grimstad, han komponerte mange sanger som framleis er på repertoaret. Han var dirigent i 30 år, og noverende dirigent er Svein Eiksund.
Eiksund har vore dirigent i over 30 år. Koret har songarar frå nordre til søre Sunnmøre, Den mest kjende songen på repertoaret er «Himmelske Fader» som Randulf Saunes var solist på.
I dag er solisten Knut Sverre Nes. På repertoaret står elles ulike salmar og folketonar.
Koret blir normalt omtalt som påskekoret, for dei er fast ute på turne kvar skjærtorsdag og langfredag. Men no er det tid for at dei også er haustkor, og dei gler seg til å kome tilbake til Sunnylven kyrkje. Andaktshalder er prest Per Inge Vik-.
