7. oktober 2026

Sunnylvingar klare til toppkamp

Bildetekst. Her har akkurat Kenneth avgjort kampen mot Melhus med si 2-1 scoring 4 minutt før slutt.

Volda sitt herrelag i fotball med to sunnylvingar i startoppstillinga har hatt ein imponerande sesong så langt. Laget har ikkje tapt sidan heimetapet mot Herd 16. mai og sju kampar før slutt leiar laget 3. divisjon (Norsk Tipping-ligaen avd. 2) tre poeng framfor sin næraste rival Strindheim.

Nettopp desse to laga møtast fyrstkomande laurdag på Volda stadion i ein kamp som kan vise seg å bli svært avgjerande for kva lag som klarar opprykk til 2. divisjon.

Trenar for Strindheim er den tidlegare Rosenborg-spelaren John Pelu. Han forventar ein tøff kamp til helga. -Volda er eit velorganisert, fysisk bra lag som er i god form om dagen seier han til hellesylt.info. Han hugsar godt den fyrste kampen mellom laga 9. mai.
-Det var ein jamn, tett og tøff kamp der vi til slutt vinner med 2-1. Eg forventar en liknande kamp til helga mellom to lag i form, lag nummer 1 mot lag nummer 2, mange dueller og lite målsjansar.

-For vår del er denne kampen bokstaveleg talt en 6-poengs kamp. Vi er i god form, har vunne dei siste 6 seriekampane og reiser til Volda på laurdag for å vinne. Det er framleis mange kampar igjen av sesongen og mange poeng å spele om, men eg blir veldig overraska om det er ikkje er Strindheim eller Volda som rykker opp til andre divisjon, avsluttar John Pelu.

Thomas Sander Hole.


To sunnylvingar sentrale.

Sentrale i den gode sesongen til Volda er to Sunnylvingar. Brørne Kenneth og Thomas Sander Hole.

Kenneth er inne i sin 11. sesong for Volda og har vore på bana i 18 av seriekampane så langt i år. Han har fem mål så langt denne sesongen og vart avgjerande med si matchvinnarscoring då voldingane vann 2-1 mot Melhus førre helg.

Thomas er i sin 6. sesong for grøntrøyene. Han hadde eit skadeavbrekk i sommar og er notert med 14 seriekampar og 5 mål for Volda så langt denne sesongen.

Trenar Arild Hagen Bakke i Volda er meget godt fornøgd med dei to brørne. Han fortel til hellesylt.info at Thomas og Kenneth er to meget solide bidragsytarar til at laget har tatt dei stega dei har tatt som gruppe.
-I treningssammenheng er dei 100% dedikerte, møter opp fullt forberedt og leverer alltid. Dei er seriøse og er med på å lage en høg standard. Utenfor banen er dei også solide. Så totalt sett er dei veldig viktige for oss og nødvendige for å nå målsetningane våre, seier Bakke.

-Thomas har de siste årene vore veldig solid i sitt offensive spill. Han bidrar med mange målpoeng både med mål og målgivende pasninger. Defensivt tar han steg og blir bedre og bedre. Men det er først og fremst offensivt han bidrar, held Bakke fram.
-Kenneth har ikke like mange målpoeng i år som sin bror, men er et konstant uromoment for motstanderne med sin teknikk og blikk for spillet. I det defensive er han virkelig ein referansespelar og setter en høg standard for resten av laget i måten han jobber og sliter.

Trenar Arild Hagen Bakke er godt fornøgd med sesongen så langt.  -Sesongen så langt har vært god. Den har vært i den retningen vi ønsker og i tråd med målsetningen om å bli bedre som lag, utvikle spillestilen og ikke minst utvikle spillerne. Det føler vi at vi har gjort og tabellposisjonen tilsier at vi tar de rette stegene ihverfall ovenfor de øvrige lagene i divisjonen, avsluttar han.

Så fyrstkomande laurdag er det berre å ta turen til Volda og få med seg det som heilt sikkert blir ein svært spanande fotballkamp.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →