7. oktober 2026

Tap mot toppa motstandar

Sunnylven G14 frå ein tidlegare kamp på Hellsylt stadion.

Sunnylven skåra siste målet då Sunnylven møtte Rollon/Guard på Hellesylt stadion tysdag kveld. Kampen enda med storsiger for by-laget.

Sunnylven G14 tapte 3-12 for Rollon/Guard2 på Hellesylt stadion tysdag kveld. Stillinga ved pause var 1-5.
Tapet var stort, men ikkje det største for Sunnylven i seriespel. Det vart 2-15 i kamp i fjor, og kanskje har vi sett enno større tap tidlegare.
Tapet til trass, laget kjempa godt, men når motstandaren tydeleg vis toppar laget sitt for å unngå å tape blir Sunnylven med halve laget jentespelarar for svakt. Ikkje noko gale sagt om jentene på laget, dei var gode også i denne kampen.

Det var fine speleforhold på Hellesylt stadion tysdag kveld. For Sunnylven skåra Kay-Adam, Jakob og Fredrik.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →