12. november 2026

Sprang for tv-aksjonen

Flott innsats av elevane ved Sunnylven skule.

TV-aksjonen i år går til NRC Flyktninghjelpen. Målet er å gje meir enn 400.000 menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og håp for framtida.

På Sunnylven skule vart det tysdag denne veka halde skuleløp for å samle inn pengar til tv-aksjonen. Kvar elev hadde skaffa støttespelarar som støtta innsamlinga med ein sjølvvald sum per runde eleven sprang.

Det var fine forhold og stor innsats under løpet, og status fredag er at elevane har klart å samle inn over 24.000 til aksjonen. Flott jobba !

Det er mogeleg å bidra og sjekke status på spleisen ved å gå inn på lenka under:

https://www.spleis.no/project/514666

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →