12. november 2026

Årsmøte og jubileumsfest i Bygdekvinnelaget

Styret i jubileumsåret i Sunnylven bygdekvinnelag; Frå venstre Grete Bjørdal, Gunhild Kvam, Lisbeth Lervik Helset, Liv Norunn Langeland Runde, Astrid Tronstad Dyrkorn.

Sunnylven bygdekvinnelag vart skipa i 1936. Laurdag 17. oktober er det årsmøte og 90 års markering i laget.

Sunnylven Bygdekvinnelag er 90 år, og i det høve feirer laget med jubileumsfest og årsmøte på Sunnylvsbygda Grendahus laurdag 17. oktober.
Her blir det både underhaldning og besøk frå fylkesstyret, og det vert sjølvsagt mykje god servering, kaffi og kaker.

Sunnylven bygdekvinnelag er tilslutta Norges bygdekvinnelag og skal vere ein tydeleg og framsynt kvinneorganisasjon, og arbeide for betre tilhøve i eiga bygd, heiter det. Laget skifta namn i 2002 frå bondekvinnelag til bygdekvinnelag. Ikkje alle var nøgde med namneendringa, men slik vart det.

Av lokale oppgåver/aktivitetar Sunnylven bygdekvinnelag engasjerer seg i kan nemnast:
– engasjert i bygdeutvikling i samarbeid med Sunnylven bondelag
– lagar potetball til alle ved skulen annakvart år
– sal av rømmegraut og lefser på Sommardagane
– Kafé Snurrepiperier – utstillingar av ulike gjenstandar kombinert med kafé
– pengegåver til ulike lokale føremål og nasjonale saker
– arrangerer julemesse på Hellesylt

Styret i jubileumsåret er:
Gunhild Kvam, leiar
Grete Bjørdal
Lisbeth Lervik Helset
Liv Norunn Langeland Runde
Astrid Tronstad Dyrkorn.
Sakliste for årsmøtet i Sunnylven Bygdekvinnelag laurdag 17. oktober;
Godkjenning av innkalling og sakliste
Årsmelding
Rekneskap
Val
Arbeidsplan/plan for våren 2027
Eventuelt innkomne saker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →